Velkommen til utstilling

Et sted langt borte, like i nærheten.

Sissel Ruud stiller ut collage og grafikk på Fotland Mølle.
Åpning søndag 25.okt kl 12.00.
Utstillinga er åpen søndager tom 22.nov kl 12-16.

Kunstnaren Sissel Ruud, opprinneleg Brynejente, nå busett i Stavanger, lagar bilete til å drøyma seg vekk i. Ho har vald å kalla utstillinga si «Et sted langt borte, like i nærheten».

Dette meiner ho dekkjer ganske godt kva utstillinga handlar om. Denne gongen har ho vald å bruka få ord til å forklara bileta sine. Ho har og vald å la kunstverka vera utan namn. Ho opplever at ord kan setja grenser for det språket ho ynskjer at bileta skal formidla. Ho vil gjerne at andre menneske skal få oppleva bileta på sin eigen måte utan at orda hennar skal vera i vegen for dei.

Sissel sitt biletspråk er fylt med leik og glede. Sjølve skapingsprosessen er og leikforma. Ho startar med å skapa eit kaos av fargar og former. Så går prosessen over til å rydda i kaos og henta fram motivet heilt til ho er fornøgd med uttrykket.

Nokre av bileta er grafiske blad, trykte eigenhendig på Grafisk verkstad i Stavanger. Dei aller fleste bileta er collagar. Sissel har utvikla ein teknikk ho så vidt ho veit er aleine om å bruka. Hovudmaterialet i collagane er serviettar som ho limer lagvis fast til lerretet til ho får den effekten ho ynskjer. Via venner og kjende, og ikkje minst på nettet har ho klart å skaffa seg store samlingar med gamle serviettar som ho brukar til dette formålet. Dei gamle litt harde serviettane frå syttitalet og dei mjuke silkeserviettane er aller best å arbeida med. Ho sper og på med andre former for gjenbruksmateriale som gamle frimerke, tekstutklipp frå gamle vekeblad og til og med hekleserviettar frå Fretex. I tillegg bruker ho akrylmaling og blekk. Resultatet er nyskapande og spennande.

Denne utstillinga består ikkje av bilete laga for å provosera på nokon måte. Snarare er dei laga for å formidla gode kjensler av lys, leik, undring og varme. Verda, kvardagen og menneskelivet er fylt med mange utfordringar me skal ta stilling til. Sissel vil gjerne at bileta skal få vera små pustepausar der ein kan kjenna på det stillferdige og det ordlause. Som tittelen på utstillinga antyder, så er det ikkje alt som kan fangast i ord. Nokre gonger treng me andre språk for å nærma oss det som ligg bakanfor det som synest på overflata.

Bileta til Sissel fortel kvar sin historie, men dei er og laga for å kunna fortelja ei historie saman.

Heidi Strand Harboe

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *